Skuespiller Gjertrud Jynge har laga ei framsyning om tippoldefaren sin, Jakob Walnum, stiftaren av den såkalla Omstreifarmisjonen. Undervegs i arbeidet, måtte ho òg bearbeide si eiga skamkjensle.

Jakob Walnum skipa Omstreifarmisjonen i 1897 som ein sosial misjon som skulle arbeide med å «bringe hedningefolket taterne fra landeveien tilbake til de hjem, de har forlatt». Eit arbeid som omfatta barneheimar der taterbarn skulle bu frå dei var spedbarn til konfirmasjonsalder for å «skape fasthet i deres karakter» og arbeidskoloniar for dei vaksne der ein skulle «vekke lyst og trang til et rolig liv og forstå arbeidets velsignelse». Etter at Walnum forlot misjonen i 1918, kom det også til ei historie om lobotomi og tvangssterilisering. Eit mørkt kapittel i norsk historie.

– For hundre år sidan handla dette om kven som var norske. Ideen om det norske var knytt til bondekulturen. Det var viktig å avgrense seg frå andre, dei som ikkje var ein del av det norske, og sjølv om dei hadde budd i landet i meir enn tre hundre år, blei dei haldne ute. Dei var ikkje ein del av oss.

Er det slik at det som på byrjinga av 1900-talet blei oppfatta som gode og nestekjærlege gjerningar, er noko vi tre generasjonar seinare tar avstand frå og skammar oss over? Det er vel ikkje heilt utan politisk grunn at statsminister Erna Solberg no finn det nødvendig å gje Romfolket ei offentleg orsaking for alt dei har lide? Er det så sikkert at den sosialpolitikken vi i dag fører vil tole historias dom?

Gjennom tekst, song og bilete ønskjer Gjertrud Jynge å røre ved denne historia på nytt. Hennar og vår nære historie, ei krevjande historie både for henne og for oss.

av og med Gjertrud Jynge  –  Musikar Espen Leite  –  Dramaturg Ola E. Bø

Langfredag 14. april og 1. påskedag 16. april.  Guovdageaidnu – LES-huset kl. 19:00

 

Pressebilde