For dei som har alt, endrar politikken nesten ingenting. For dei andre er det snakk om liv og død.

Kven drap far min er eit protestskriv på vegner av ein far. Ein far som har fått kroppen øydelagt av hardt arbeid på fabrikken. Som mistar retten til medisinar og får trygda redusert av politikarane. Ein far som lever eit liv ingen vil høyre om. Kven drap far min er eit kjærleiksbrev frå ein son. Først no byrjar han å forstå far sin. Sjølv om det kanskje alt er for seint.

Det samiske nasjonalteatrets samarbeidsteater i Oslo, Det Norske Teatret, gjester, som de siste årene, oss, under påsken. Denne gang igjen med en krtikerrost forestilling, en forestilling som gjør påskefestivalen i Guovdageaidnu ennå mer innholdsrik og verdt et besøk.

Gjestespill – Det Norske Teatret – 12.4.2020

Emil Johnsen “Kven drap far min” – govven/foto: Dag Jenssen

Mer om forestillingen

(fra nettsiden til Det Norske Teatret)

Eit politisk oppgjer

Édouard Louis brakdebuterte med romanen Farvel til Eddy Bellegueule, ei personleg forteljing om eigen oppvekst på landsbygda i Frankrike, om behovet for å sleppe fri og byrje på nytt. Boka vekte debatt, og enkelte meinte Louis var for hard i skildringa av arbeidarklassen han sjølv kom frå. I Kven drap far min kjem forsvarstalen for arbeidarklassen, personifisert gjennom faren.

«Det er ein avstand mellom dei som bestemmer, dei som bryr seg og dei det påverkar.»

Gjennom ein monolog møter vi ein far som heile oppveksten sleit med å vise kjærleik til sonen sin, som forakta det feminine og var lært opp til eit maskulint ideal. Å slutte på skolen var eit teikn på styrke, homofobi og rasisme var naturleg, og alkoholen flaut fritt. I korte glimt frå oppveksten undersøker Édouard Louis skam, kjærleik og identitet gjennom sitt blikk på faren. Det han avdekker er eit samfunn og ein politikk som øydelegg liv. Resultatet er eit krast oppgjer med politiske leiarar i Frankrike.

Dei gule vestane

Kven drap far min kjem i ei tid der Frankrike opplever eit gryande politisk opprør. «Dei gule vestane» er ei grasrotrørsle som kjempar for endring i den økonomisk politikken i Frankrike. Demonstrasjonane starta i november 2018, etter at regjeringa varsla auka drivstoffprisar. Dei protesterer mot at tyngda av regjeringas skattereform fell på arbeids- og middelklassen, spesielt i distrikta.

Dei stadig større skilnadane mellom fattig og rik, og haldninga til den politiske eliten, fell saman med kritikken i Kven drap far min. Gjennom teksten forsøker Louis å reflektere over kor ulike liv vi har. Samstundes er han medviten om sin eigen privilegert posisjon som kunstnar, og veit at han aldri kan nå heilt inn.

Kven drap far min blir regissert av Kjersti Horn. Ho har tidlegare sett i scene Farvel til Eddy Bellegueule og Valdens historie av Édouard Louis. Emil Johnsen skal stå på scenen, som han også gjorde i dei to tidlegare framsyningane. Kven drap far min får premiere på Scene 3 i november.

Alene på scenen skaper Emil Johnsen ett av høstens teaterhøydepunkt

– Dagsavisen

Emil Johnsen gjør en glitrende tolkning av Edouard Louis’ tekst

– Klassekampen