Kva er eigentleg kvinneleg og mandig i dansen? Kva skjer med kjønnsrollene når kvinna i 2020 får spela begge roller og ta dei heftigaste “karstykka”?

Både i samisk og norsk tradisjon har klede og bevegelseskultur blitt brukt til å kontrollere kvinna. I lys av at hijaben tek over der skautet slapp, fokuserer koreograf Hallgrim Hansegård og fem kvinnelege medskapande dansarar inn på tematikken rundt tildekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar og sler ut håret i denne framsyninga gjennom særeigen, kontrollert samtidsdans og vill folkedans.

SKAUT er ei ny jordnær framsyning med himmelhøge ambisjonar frå FRIKAR. Urpremiere 28. februar 2020 i Bærum kulturhus. SKAUT er produsert i samarbeid med Beaivváš Sámi Našunálateáhter/ Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Bærum kulturhus.

Om Skaut på Frikars hjemmeside.

Kreditering

  • Regi, koreografi og scenografi: Hallgrim Hansegård
  • Medskapande dansarar: Nora Svenning, Sara Enger Larsen, Ornilia Ubisse, Anita Vika Langødegård og Sigyn Åsa Sætereng
  • Komponist: Erlend Apneseth
  • Dramaturg: Célestine Hennermann – TBC
  • Kostymedesign: Inger Stinnerbom
  • Lysdesign: Gard Gitlestad
  • Musikarar innspelt musikk: Erlend Apneseth, Øyvind Hegg-Lund og Stephan Midell
  • Folkedraktekspertar: Magny Karlberg og Bjørn Sverre Hol Haugen
  • Dansehistorikar: Elisabeth Svarstad
  • Foto: Antero Hein

Plakat til Skaut

Videoteaser

Pressebilder

Fotograf Frikar og Antero Hein, kreditering kreves ved bruk i pressen, til annet bruk kreves også tillatelse fra teatret